Faretegn
• Ferske skred • Område: For kommunen. Skildring: Sett nokon nye skred på strekningen frå Stardalen i Jølster til Naustedalen som er nye frå i går. Både nordvendt, sørvendt og vestvendt.
Skredaktivitet
• 16. apr. I løpet av dagen • Våte flakskred • Flere (6-10). 2 - Middels. Naturlig utløst • Noen bratte heng. N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV. Over 600 moh • Nye flakskred sidan i går i fleire himmelretningar, str 2 både i fjella i Stardalen, langs Jølstravatnet og i Naustedalen. Det eine med løsneområde ned mot 600 moh mot søraust
Vær
• Ikke nedbør • 2 °C • 6 m/s fra SØ ↖ • 30% skyer • Fint vær, med periodevis lett skydekke. Vindstille tidlegare i dag i Stardalen i Jølster. Meir vind her i Naustedalen både no i ettermiddag og tidlegare på dagen ifølge andre som hadde vore her før i dag.
Snødekke
• 140 cm • Ikke snøfokk • 0 cm • Snøgrense på 200 moh • Våt løssnø • Våt • På morgonen skare etter nattefrost som smeltar i overflata etter kvart som sola får tak, og nordvendt smeltar det utover dagen når temperaturen stig. Vått smelteomvandla snødekke opp til 7-800 moh nordvendt her, men kan sikkert variere etter kor mykje nysnø som kom med siste snøfallet forrige helg. Vidare oppover er nysnøen frå siste snøfallet blitt fuktig, men fann fortsatt kantkornlaget mellom skaren og det overliggande snødekket sjølv om kantkornlaget var av mindre krystallar og det skulle meir til å påvirke det enn på forrige observasjonstur her på onsdag.
I Stardalen tidlegare i dag var det tørr snø nordvendt frå ca 1000 moh.
Tester
• ECTP20@52cm(Q1) • Middels
Snøprofil
• N • 1 test knyttet til snøprofilen • Vedvarende svakt lag: under flak • 11 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Våte flakskred • Kantkornet snø over skarelag • Innen en halv meter • Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. • Lett å løse ut • 4 - Svært store • Få bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV over 600 moh • Der kantkornlaget finnast mellom det gamle snødekket med skare, og det overliggande snødekket med nysnø/fokksnø frå forrige helg, vil skred fortsatt kunne løsne naturleg eller være lett å løyse ut ved soloppvarming og når temperaturen stig utover dagen. Kantkornlaget viser god evne til bruddforplantning, så enkelte skred mot aust og søraust som fekk mest vindtransport inn i leheng kan bli svært store.
• Våte løssnøskred • Ubunden snø • Naturlig utløst • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, SØ, S, SV, V, NV under 600 moh • Laussnøskred str 1 og 2 i sovendte brattheng og utover dagen i alle himmelretningar pga høge temperaturar
Skredfarevurdering
• Fortsatt ein del skredaktivitet på kantkornlaget mellom skaren og det overliggande snødekket/fokksnøen frå siste snøfallet. Soloppvarming og høge temperaturar utover dagen svekkar bindingane i snødekket og gjer at det går naturleg utløyste skred på dette svake laget. Det vil også være lett å løyse ut for ein skiløpar. Soloppvarming og høge dagtemperaturar gir også fare for våte laussnøskred i brattheng. • Skredfaren varierar med temperaturen i løpet av døgnet, mest utsatt når sola begynner å ta, og temperaturen stig utover dagen. • 3 Betydelig • Varslet faregrad er riktig